Morild

Ein høgreist gravstein som slepp lyset gjennom.

Svale Morild er ein klassisk gravstein med opning for personleg bilde. 

Personleg bilde

Morild har ei gjennomgåande opning øverst. Her kan du få eit glas med personleg bilde. Vi kan hjelpe deg til å få motivet slik du vil ha det. 

Bildet kan sleppe gjennom lys, eller vere heilt lystett.
Bildet kan produserast i fargar.
Glaset kan også vere farga, og inneholde tekst.
Om du ikkje ønsker bilde, kan opninga vere tom.

Steintypar

Morild blir laga i svart eller grå granitt. Du kan velge om overflata skal vere glatt, matt eller flammebehandla. 

Svart glattpolert granitt
Mattpolert, svart granitt blir grå, og skiftar farge til svart når steinen er våt.
Flammebehandla overflate på svart granitt
Grå polert granitt

Skrift

Det finst svært mange ulike skrifttypar, og vi kan skaffe mange av dei. Fortel oss kva du ønsker, så lagar vi ei skisse.

Teksten blir sandblåst inn i steinen, og deretter fyllt med svart-, kvit-, sølv- eller gullfarge.
Du kan få innfelte stålbokstavar for eit tillegg på kr 4000,-

Pris

Prisen inkluderer frakt og montering på gravstader i Norge. På grunn av tyngda må Morild monterast av profesjonelle. 

Morild, 65 cm høg
Kr 23.000,-
Morild 85 cm høg
Kr 26.000,-
Morild 100 cm høg
Kr 29.000,-

Bedplate

På mange kyrkjegardar er det lov å legge ei bedplate framfor gravminne. Vi kan skreddersy bedplater med plass til lykt, vase og skrift. 

Lykt og vase

Lykt og vase kan festast på ei bedplate, eller stå laust framfor monumentet. Før du kjøper lykt og vase er det lurt å høyre med kyrkjevergen om kva som er tillete på kyrkjegarden din. 

Lykt 40-265 i støypejern.
Høgde: 16 cm
Kr 3350,-
Lykt T0119 i rustfritt stål
Høgde: 18 cm
Bredde: 10 cm
Kr 5300,-
Lykt T0134 i rustfritt stål.
Høgde: 20 cm
Bredde: 11 cm
Kr 4150,-
Vase T08000 i rustfritt stål.
Høgde: 20 cm
Bredde: 12 cm
Kr 3250,-
Vase T60740 i rustfritt stål.
Høgde: 20 cm
Bredde: 11 cm
Kr 4150,-
Batterilys
Høgde: 11,5 cm
Diameter: 5,3 cm
Kr 750,-

Montering

Morild er så tung at den må monterast av profesjonelle. Sjølve monumentet står på eit steinfundament som blir gravd ned i jorda. Monumentet er forskriftsmessig forankra med to kraftige stålboltar. 

Skisse og pristilbod

Vi lagar uforpliktande skisser som du kan diskutere med dine næraste.

Bestill skisse