Tid skal sette spor. Minner skal takast vare på.
Svale Minneskap har eit ytre i ubehandla eik som forandrar seg over tid. Bak ei namneplate av stein skjuler det seg eit beskytta rom som kan gøyme minner.
Steintypar
Namneplata og sokkel er av granitt. Du kan velge mellom fleire utføringar. Om du ønsker kan vi også levere heile minneskapet i granitt.




Minnerommet
Bak namneplata skjuler det seg eit minnerom i stål. Her kan du gøyme på symbolske minneting. Medan det ytre trevirket blir prega av vér og tid, held minnerommet seg blankt.


Skrift
Det finst ei mengde fine skrifttypar, og vi kan bruke mange av dei. Fortel kva du ønsker, så lagar vi ei skisse.



Pris
Svale minneskap er så tungt at det må monterast av profesjonelle. Prisane er difor inkludert frakt og montering på gravstader i Norge.

Bedplate
På mange kyrkjegardar er det lov å legge ei bedplate framfor gravminne. Vi kan skreddersy bedplate for minneskapet med plass til vatningskasse, lykt, vase og skrift.
Lykt og vase
Lykt og vase kan festast på ei bedplate, eller stå laust framfor monumentet. Før du kjøper lykt og vase er det lurt å høyre med kyrkjevergen om kva som er tillete på kyrkjegarden din.

Høgde: 11,5 cm
Diameter: 5,3 cm
Kr 750,-

Høgde: 20 cm
Bredde: 12 cm
Kr 3250,-

Høgde: 20 cm
Bredde: 11 cm
Kr 4150,-

Høgde: 16 cm
Kr 3350,-

Høgde: 18 cm
Bredde: 10 cm
Kr 5300,-

Høgde: 20 cm
Bredde: 11 cm
Kr 4150,-
Montering
Svale minneskap er så tungt at det må monterast av profesjonelle. Sjølve monumentet står på ein steinsokkel som blir nedfelt i jorda. Monumentet er veltesikra med to stålboltar.
Skisse og pristilbod
Vi lagar uforpliktande skisser som du kan diskutere med dine næraste.
Bestill skisse