Tynn og lett. Trygg og solid.
Svale Glimmer er så lett at du kan montere monumentet sjølv, hvis du vil. Konstruksjonen er veltesikker, og materialet er svært holdbart.
Materiale
Svale Glimmer kan du få i fleire spanande materialvalg.




Mønster
Glimmer er så tynn at den kan ha eit gjennomgåande mønster nederst på monumentet. Du kan sjølvsagt velge å ikkje ha mønster.


Fargar
Glimmer i aluminium og stål kan pulverlakkerast i ein valfri farge. Fortel oss kva farge du ønsker, så kan vi lage ei skisse med liknande RAL-farge.
Pulverlakkering består av eit fint pulver som blir påført ved hjelp av luft og sprøytepistol, og festar seg til monumentet ved hjelp av elektromagnetisme.
På forespørsel kan Glimmer i stål og aluminium lakkerast med billakk.
Glimmer i aluminium kan også elokserast i svart eller natur farge. Elokserings forsterkar aluminiumen slikt at den tåler store påkjenningar og ikkje korroderer. Eloksering aukar dei naturlege eigenskapane i aluminium.
Glimmer i Corian leverer vi berre i kvit farge, men du kan få farge eller gull i bokstavane.


Skrift
Det finst eit stort antal fine skrifter, og dei fleste av dei kan graverast på stål og Corian. Dersom du har ein favorittskrifttype kan du be oss bruke den. Om ikkje vil vi foreslå skrifttype etter kva vi trur vil høve. Ved gjennomskjæring må vi bruke ein stencilfont med minimum 2mm radius. Vi kan også tilpasse personlege signaturar.




Pris
Prisane er inkludert moms og frakt. Svale Glimmer kan du sette opp på gravstaden sjølv. Difor er prisane ekslusiv montering. Vi kan utføre montering for eit tillegg på kr 2500,-.

NOK 17.500,-


NOK 17.900,-

NOK 17.900,-

NOK 19.900,-

NOK 19.900,-

NOK 22.000,-
Gravert tekst utan farge:
Kr 150,- pr teikn.
Gravert tekst med farge:
Kr 190,- pr teikn.
Tillegg for bladgull:
Kr 370,- pr teikn.
Lykt og vase
Lykt og vase kan festast på ei bedplate, eller stå laust framfor monumentet. Før du kjøper lykt og vase er det lurt å høyre med kyrkjevergen om kva som er tillete på kyrkjegarden din.

Høgde: 20 cm
Bredde: 11 cm
Kr 4150,-

Høgde: 16 cm
Kr 3350,-

Høgde: 18 cm
Bredde: 10 cm
Kr 5300,-

Høgde: 20 cm
Bredde: 12 cm
Kr 3250,-

Høgde: 20 cm
Bredde: 11 cm
Kr 4150,-

Høgde: 11,5 cm
Diameter: 5,3 cm
Kr 750,-
Montering
Svale Glimmer kan du sette opp på gravstaden sjølv. Hugs at du må skaffe løyve frå kyrkjevergen. Vi sender deg teikningane og opplysningane du treng.
Om du ønsker kan vi ta oss av søknad og montering for kr 2500,-.
Skisse og pristilbod
Vi lagar uforpliktande skisser som du kan diskutere med dine næraste.
Bestill skisseReferansar
Glimmer er eit heilt nytt gravmonument som blir levert for montering våren 2017, men du kan allereie no bestille ditt eksemplar.